Skjersholmane, Stord

Varme, ro og utsikt over sjøen

Heile badstova berre for dykk – opptil 10 personar, PIN-kode på døra og eit kaldt bad i sjøen rett utanfor.

Frå 175 kr per person, ope heile døgeret

Innvendig i badstova med benker i tre

Heile badstova, berre for dykk

  • Vedfyrt Du fyrer sjølv, eller vel ei forvarma tid merkt med flamme.
  • Heilt privat Plass til opptil 10 personar.
  • 1,5 eller 2 timar Ope heile døgeret, alle dagar.
  • PIN-kode på døra Kjem på e-post og SMS. Ingen nøkkel å henta.
  • Rett ved sjøen Ta eit kaldt bad mellom omgangane.
  • Nattsauna 30 % rabatt når økta startar 00:00–06:59.
To personar, 1,5 t
450 kr
Per person når de er 3+
175 kr
Sjå ledige tider
Før du kjem: vegbeskriving og pakkeliste

Frå booking til badstove

Ingen app, ingen konto, ingen nøkkel å henta.

  1. Book på nettet

    Vel dato, tid og kor mange de er. Det tek eit par minutt.

  2. Betal og få PIN-kode

    Betal trygt med kort. Stadfestinga kjem på e-post, og PIN-koden til hengelåsen ca. 12 timar før du kjem.

  3. Tenn opp og nyt

    Du fyrer vedomnen sjølv. Har du booka ei forvarma tid, er badstova alt varm når du kjem.

Vår sauna

Ved båthamna på Skjersholmane, med utsikt over sjøen.

Saunasystrene sin badstove ved solnedgang på Skjersholmane
Innvendig i badstova med benker i tre
Utsikt over sjøen og båthamna frå badstova
Detaljar frå badstova hos Saunasystrene
4,8 av 5

Gjestane våre gjev oss 4,8 av 5

Snittet av 77 vurderingar frå gjestar som har vore i saunaen. Alle får spørsmålet på e-post etter besøket — me spør berre dei som faktisk har vore her.

Medlemskap og gavekort

Gavekort

Gi bort varme og ro

Valfritt beløp frå 100 kr. Mottakaren vel tid sjølv og kan bruka kortet fleire gongar til saldoen er tom.

  • Digitalt på e-post eller fysisk i posten
  • Med personleg helsing til mottakaren
Kjøp gavekort

Om Saunasystrene

Ein plass for ro, varme og fellesskap

Ei privat badstove i naturskjønne omgjevnader ved sjøen på Stord – for deg og dei næraste dine, med enkel PIN-tilgang og fleksibel bestilling.

Ro i kvardagen

Ein plass å landa, langt frå kvardagsstøyen. Mange kjenner seg avslappa og søv godt etter eit saunabesøk.

Varmt og kaldt

Veksle mellom varmen i badstova og eit kaldt bad i sjøen – eller berre sit og sjå utover vatnet.

Tid saman

Badstova er berre for dykk. Eit naturleg rom for gode samtalar med vener, familie eller kollegaer.

Viktig å vita Er du gravid, har hjarte- og karsjukdom, lågt blodtrykk, epilepsi eller diabetes, eller brukar du medisinar som kan påverka toleransen for varme, bør du snakka med lege før du brukar badstova.

Siste frå bloggen

Alle innlegg
Nytt

Oppgradering av Sauna & Badetrapp

2026-09-10

No har sauna blitt heilrenovert til hausten. Beisa utvendig, full nedvask og olja benkar og treverk inne. Nye badestegar…

Tips

Sjølvfyring Sauna 🪵🔥

2026-02-08

Hei Saunavener ♨️ Vedfyrt sauna er noko eget. Fyringa knitringa, lukta av bjørkeved og den gode varmen flammene gir. Me…

Klar for ei kveld du hugsar lenge?

Enkel bestilling, PIN-kode på døra og sjøen rett utanfor.

Book sauna

Få nyheiter og tilbod på e-post

Ledig plass, nye tilbod og det som skjer hos Saunasystrene. Du kan melda deg av når som helst.